Konfirmant i Strand kyrkjelyd 2023/2024


VELKOMMEN TIL EiT SPENNANDE ÅR SOM KONFIRMANT 2023- 2024.

 

 

 

Konfirmasjonsdatoer våren 2024

Tau kyrkje: Lørdag 27.april og søndag 5.mai

Leir             Vi startar konfirmantåret med CAMP RYFYLKE- ein stor fellesleir for heile Ryfylke

I år blir leiren på Vaulali / Tau 25.-27. aug. 2023.  Leiren er i samarbeid med alle menighetane i Ryfylke og NMSU.

Dei som ikkje kan bli med på leir, vil få eigen oppstartssamling 9.september.

For alle blir det blir konfirmantsamlingar i Tau kyrkje, tirsdag kl.18-19.30 eller onsdag kl.18-19.30.  I tillegg blir det valfrie grupper, kunst og handverk, matgruppe, song og musikk, hjelpeledar for barn og sport og frilutsliv.

 

Pris med leir: kr 1500                pris utan leir: kr 200

For begge prisar utgjer kr 100 medlemsavgift i NMSU. Ved å ha konfirmantane innmeldt i NMSU får me Frifondstøtte frå staten, for 2022 fekk me ca kr 19000. Desse skal me bruka til gode for konfirmantane, og me kan gi lågare prisar på opplegget.

Betaling : Vipps til Strand kyrkje , konf.betaling #101255 eller betal til konto 32053002241.

Helst innan 30.juni

Merk med namn på konfirmanten og medl.avgift viss det er ok at konfirmanten blir medlem i NMSU

Alle som skal gå på 9.trinn er velkomne til å vera konfirmant. 

Filmsnutt frå fjorårets konfirmantleir

Brosjyre for leiren er her

Forventningar og reglar for konfirmasjonstida

K-stud -Kristelig studieforbund er eit offentleg godkjent studieforbund som har som mål å styrke trosopplæringa for ungdom og vaksne i kristne trussamfunn og organisasjonar. K-stud som dei vert kall gjev ut eingongssummar til ulike kurs/arrangement basert på talet på timer arrangementet varer og kor mange som har delteke. Innhaldet på Camp Ryfylke er godkjent som arrangement som kan få støtte. Det gjer at me kan få litt ekstra pengar inn til å gjere Camp Ryfylke så bra som mogleg for konfirmantane. For å dele ut pengar, treng K-stud ei liste med namn, postnummer og fødseldato (for å vite alder), som dei ikkje brukar til andre ting. Difor ynskjer me å be om tillatelse til å la K-stud få desse tre punkta med informasjon om din konfirmant, så me kan få støtte for leiren. Informasjonen vert sendt inn i eit skjema rett etter leiren og K-stud bruker ikkje informasjonen til noko anna enn å sjekke at dei enkelte personane fins og kor gamle dei er.

Les begge lenkene før du startar påmeldinga.

Under gruppevalg må du velje Camp Ryfylke eller opplegg utan leir. 

 I tillegg kan du velje kor/band-konfirmant.

 


Påmeldinga åpnar 2.mai

 

På www.konfirmant.no kan du lese meir om kva det er å vere konfirmant.             

Konfirmasjonstida er ei tid til å få læra meir om den kristne tru og om seg sjølv.
Kven er Gud? Høyrer Gud verkeleg bønn? Stod Jesus opp frå dei døde? Kven er Den Heilage Ande? Kva er meininga med livet? Seier Bibelen noko om kjærleik, det vonde, bruk av rus, vennskap, forbrukssamfunn, naturvern, rettferdighet... ?

Dette er nokre av dei tema me gjennom  undervisning, leir, gudstenester,  fasteaksjon, grupper tar opp i konfirmanttida.
Me har fokus på opplæring gjennom fellesskap, grupper, deltaking og erfaring.


 

 

Tilbake